Dette tilbyr eg
For ein god kvardag
KVARDAGSKVEIKEN
Rørsle og styrke for kroppen du brukar kvar dag. Enkle øvingar som gjer det lettare å gå, reise seg, bere, balansere og halde kroppen sterk. Trening for meistring – ikkje prestasjon.
KVARDAGSTONEN
Song og musikk til små og store høve. Nært, personleg og tilpassa stunda – med rom for nærvær, fellesskap, glede og gode minner.
KVARDAGSFØLJE
Sosialt samvær og aktivitet tilpassa deg og det du likar. Tur, prat og gode opplevingar – med tid, nærvær og rom for ein god kvardag.
KVARDAGSREINHALD
Grundig og påliteleg reinhald for private heimar og fritidsbustader. Tilpassa det du treng – med omtanke for både heim og kvardag.
Om Vigdal Virke
Vigdal Virke handlar om det som gjer kvardagen rikare: rørsle, musikk og gode møte mellom menneske. Eg ønskjer å skape meistring, glede og nærvær – gjennom tenester som er jordnære, personlege og tilpassa livet slik det faktisk er.
For meg handlar det om å møte menneske der dei er, og bidra med noko som faktisk kjennest nyttig, godt og ekte.
Kva kan eg bidra med i din kvardag?
Ta kontakt og fortel litt om kva du ser etter. Kanskje du vil bli sterkare i kvardagen, skape ei god stund med musikk, ha nokon å dele aktivitetar med – eller treng praktisk hjelp. Så finn me ut saman kva som passar.
