Prisar
Enkelt og oversiktleg – så du veit kva du kan rekne med. Ta gjerne kontakt dersom du er usikker på kva som passar.
Prisane viser det du betaler. Mva er inkludert der det gjeld.
KVARDAGSKVEIKEN
rørsla · styrken · meistringa
Trening skal gjere kvardagen lettare – ikkje vere ei prestasjonsøving. Me tek utgangspunkt i kroppen du har, det du ønskjer å meistre og livet du lever.
Ein til ein – 60 min
500 kr
Personleg trening og rettleiing tilpassa deg, heime, ute eller der det passar.
Lita gruppe – 2–5 personar, 60 min
750 kr totalt
Trening og aktivitet tilpassa gruppa.
Gruppe – 6–10 personar, 60 min
1 000 kr totalt
Rørsle, styrke og aktivitet tilpassa deltakarane.
Du treng ikkje vere i form for å starte.
Vi startar der du er – med mål om ein sterkare, stødigare og meir funksjonell kropp i kvardagen.
KVARDAGSTONEN
songen · nærværet · fellesskapet
Musikken blir tilpassa menneska, stunda og stemninga. Det kan vere ei roleg songstund, ei lita samling eller eit større arrangement – med nærleik, glede og rom for fellesskap.
Privat songstund – 60 min
750 kr
Ei nær og personleg stund med song og gitar, éin til éin eller i ei lita gruppe.
Grupper og arrangement
Frå 1 500 kr
Pris blir avtalt ut frå lengd, innhald og omfang.
Musikk skal ikkje berre høyrast. Ho skal kjennast.
Køyring kjem eventuelt i tillegg etter avtale.
KVARDAGSFØLGJE
tida · praten · opplevingane
Gode møte kan gjere mykje med ein kvardag. Eg legg til rette for aktivitet, prat og opplevingar ut frå det du likar og det som passar for deg.
Fritidskontakt / støttekontakt
250 kr per time
Tenesta blir tilpassa den enkelte og kan vere alt frå tur og aktivitet til sosialt samvær og følgje til ulike gjeremål.
Tid, omfang og aktivitet avtalar vi saman.
Eventuelle utgifter til aktivitetar og køyring kjem i tillegg etter avtale.
KVARDAGSREINHALD
ryddig · triveleg · litt lettare
Reinhald for fritidsbustader, Airbnb og private heimar. Eg tek særleg klargjering mellom gjester, slik at bustaden er ryddig, triveleg og klar til neste opphald.
Fritidsbustad / Airbnb / privat heim
625 kr per time inkl. mva
Vi avtalar på førehand kva som skal gjerast og kor mykje tid som er sett av.
Arbeidet blir tilpassa bustaden og det som faktisk trengst – frå vanleg reinhald til klargjering før nye gjester.
Ryddig, triveleg og klart til bruk.
Eventuell køyring kjem i tillegg etter avtale.
